Klubben
Norges Golfforbund - Golf - Grønn Glede
Golf – Grønn Glede er eit initiativ frå norske golfklubbar og NGF i samarbeid med:
- Forsikringsselskapet If
- Kreftforeningen
- Mental Helse Norge
- Diabetesforbundet
- Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke
Kvifor Golf - Grønn Glede?
NGF ønskjer å sette fokus på golfen som helsebringande aktivitet. Dei aller fleste kan spille golf. Det er ein idrett som ein kan starte med tidleg eller seint i livet, og golfens handikapsystem gjer at nybegynnarar og etablerte spelarar kan ha glede av å spille saman og konkurrere på like vilkår.
Felles for alle golfspelarane er opplevinga av gleda ved spillet i kombinasjon med ein fin naturoppleving og sosialt samhald. Golf er ein idrett der aktiviteten har moderat intensitet som passar godt i forhold til myndigheitenes folkehelseanbefalingar.
I 2011 er det 26 golfklubber som deltek i Golf – Grønn Glede. Hallingdal golfklubb har sjølv valt sine fokusområde som i år er fysisk funksjonshemma og personar med psykiske helseproblem.
Langsiktig mål
Golf skal bli allment kjent som helsebringande aktivitet som kan drives av alle. NGF vil bidra til auka fokus på golf i ein helsefremmande samanheng generelt, og spesielt knytt til satsinga Golf – Grønn Glede.
- Vi skal rekruttere nye målgrupper til golfidretten
- Vi skal jobbe for at deltakarane i Golf - Grønn Glede blir motivert til vidare deltaking i golfidretten. Klubbene skal skape gode møteplasser og eit godt aktivitetstilbod tilpassa målgruppa
- Spreie glede!